fredag 20. november 2009

Stundom....

Stundom møter vi menneske som hentar fram det beste i oss.
Menneske som opnar for våre kjelder,
som lokkar fram våre fargar..-som aukar varmen i våre liv.

Stundom møter vi menneske som ser bak våre skal,
så vi gløymer vi har dei og glitrar fram i vår prakt.
Menneske som vi ber i oss etterpå med takksemd.
Bente Bratlund Mæland

7 kommentarer:

  1. Herleg dikt...
    Eg hadde det på bloggen 4.nov...
    Men med litt andre ord, rart at dikt kan endre seg slik.. ;-)
    Så godt å møte menneske som gjer noko med oss...
    God helg!

    SvarSlett
  2. Hei Beate! Takk for gode ord på bloggen min! Vakkert dikt du har over her... Får oss til å tenkje... Eg merkar veldig raskt sjølv her inne i bloggverda, at enkelte menneske treff meg meir enn andre, sjølv om eg ikkje veit korleis dei ser ut, eller kven dei er... Det er godt med slike menneske, som gjer at ein kjenner seg spesiell og sett pris på. Eg har hatt svært dårleg sjølvbilde etter fleire år med sjukdom. Difor er innspela om tekst og bilder på bloggen, så verdifulle for meg. Så takk igjen for at du tek deg tid til å leggje att kommentarar!

    Ha ein flott måndagskveld!
    Klem frå Elin :)

    SvarSlett
  3. Det var utruleg vakre og sanne ord :)

    SvarSlett

Takk for besøket, koselig om du legger igjen en kommentar før du reiser videre. (Kommentarer på gamle innlegg vil ikke bli vist før jeg har godkjent dem)