torsdag 21. april 2011

Salme av Jacob Sande

Du som låg i natti seine
Sorgtung vanvørd og aleine
Skjelvande på såre kne
Du som skåli trufast tømde
medan alle dine rømde
Stridsmann frå Getsemane

Du som spotta vart og banna
Kront med klungerkrans om panna
Medan augo brann i sorg
Du som stod i namnlaus pine
Skild frå dei du kalla dine
Einsam i Pilati borg

Du som hekk til krossen nagla
Medan blodut sveitte hagla
Frå di panne då du sa:
"Fader, kvifor gjekk du frå meg?"
Å lat nådens blodstraum nå meg!
Offerlam frå Golgata

Lær mi sjel kor du laut lida
Syn meg såret ditt i sida
Styrk og nør mi veike tru
Syn meg dine merkte hender
Så eg frelst mitt auga vender
Opp til deg på krossen du

Jakob Sande

3 kommentarer:

  1. Ein sterk og talande salme!

    God Påske Beate!

    SvarSlett
  2. Denne burde vore med i den nye salmeboka

    SvarSlett
    Svar
    1. Den er med i den nye salmeboka på nr 138 :-)

      Slett

Takk for besøket, koselig om du legger igjen en kommentar før du reiser videre. (Kommentarer på gamle innlegg vil ikke bli vist før jeg har godkjent dem)