søndag 3. april 2011

Velkomen heim!

Har lyst å dele med dere en tekst vi brukte på samtalegudsteneste med konfirmantane i dag.

Ein mann hadde site i fengsel i mange år. Han hadde gjort eit alvorleg brotsverk. No nærma det seg tida då han skulle sleppe ut. Han skreiv eit brev til mor og far sin der heime. Han skreiv at han i løpet av åra i fengsel hadde fått rikeleg med tid til å tenkja over livet sitt - om kva som er viktig og verdifullt, og kva som ikkje er det. No var det berre ein ting han ynskte når han kom ut. Det var å komme heim til sine kjære.


Men samstundes, skreiv han i brevet, var han usikker på om han var velkomen heim. Han ville forstå det om dei ikkje ville ha noko med ham å gjere etter det han hadde gjort. Derfor skreiv han, at den dagen han slapp ut, ville han sette seg på toget som gjekk like forbi huset der hans kjære budde. Om dei ville at han skulle kome heim, måtte dei henge eit kvitt band i treet på tunet. Om han såg eit slikt kvitt band i treet, ville han gå av på første stasjon og gå heim. Men om det ikkje hang noko i treet, ville han forstå at dei ikkje ville ha noko meir med han å gjere. Då ville han berre reise vidare med toget, og ikkje prøve å ta kontakt med dei igjen.

Dagen då han vart sett fri kom, og mannen tok seg fram til jernbanestasjonen. Han fann toget han skulle med og tok plass ved vindauget på den rette sida. Han var svært spent og synes toget snegla seg av garde. Huset der heime låg like ved utgongen av ein tunnel. Han tenkte at det kanskje ville verte vanskeleg å sjå eit slikt lite kvitt band i treet. Han ville kanskje verte blenda av sola og ikkje sjå noko. Medan han tenkte dette, var toget på veg ut av tunnelen. Og han såg straks eit kvitt band i treet. Men det var ikkje berre eit kvitt band, nei, rundt heile treet var det kvite band tett i tett. Trur du han kjende seg velkomen heim? Trass alt var han elska. Alt det kvite i treet var eit tydelig teikn på det.

3 kommentarer:

  1. Ja, dette er ei flott historie!
    Har høyrt den før, men er like god for det .-9

    Ha ei flott veke!!

    SvarSlett
  2. Eg hadde ikkje høyrt den, så godt å lesa :)

    SvarSlett
  3. Fin historie, husker den stod i engelskboka mi da jeg gikk på vidergående. Visste du forresten at det er en sang(http://www.youtube.com/watch?v=qdS5Ghsuesc)? Riktignok er båndene gule og ikke hvite, men antar det er en enkel omskriving :)

    SvarSlett

Takk for besøket, koselig om du legger igjen en kommentar før du reiser videre. (Kommentarer på gamle innlegg vil ikke bli vist før jeg har godkjent dem)