Du som låg i natti seine
Sorgtung vanvørd og aleine
Skjelvande på såre kne
Du som skåli trufast tømde
medan alle dine rømde
Du som skåli trufast tømde
medan alle dine rømde
Stridsmann frå Getsemane
Du som spotta vart og banna
Du som spotta vart og banna
Kront med klungerkrans om panna
Medan augo brann i sorg
Du som stod i namnlaus pine
Skild frå dei du kalla dine
Einsam i Pilati borg
Du som hekk til krossen nagla
Du som hekk til krossen nagla
Medan blodut sveitte hagla
Frå di panne då du sa:
"Fader, kvifor gjekk du frå meg?"
Å lat nådens blodstraum nå meg!
Offerlam frå Golgata
Lær mi sjel kor du laut lida
Lær mi sjel kor du laut lida
Syn meg såret ditt i sida
Styrk og nør mi veike tru
Syn meg dine merkte hender
Så eg frelst mitt auga vender
Opp til deg på krossen du
Jakob Sande
Ein sterk og talande salme!
SvarSlettGod Påske Beate!
Denne burde vore med i den nye salmeboka
SvarSlettDen er med i den nye salmeboka på nr 138 :-)
Slett