Hver fredag har lokalavisa vår en andakt, vanligvis over søndagens tekst. Det er vi som jobber i menighetene rundt her som bytter på å skrive, og sist uke var det min tur.
Tenkte jeg kunne dele den med dere, siden det ellers er blitt lite blogging i det siste..
Dei bar begge på eit spesielt born.
Nokre dagar etter
drog Maria av stad og skunda seg opp i fjellbygdene, til den byen i
Juda der Sakarja budde. Der gjekk ho inn til Elisabet og helsa på henne. Då
Elisabet høyrde helsinga frå Maria, sparka barnet i magen hennar. Ho vart fylt
av Den heilage ande og ropa høgt: «Velsigna er du mellom kvinner, og velsigna
er frukta i ditt morsliv. Korleis kunne det henda meg at mor til Herren
min kjem til meg? For då lyden av helsinga di nådde øyret mitt, sparka
barnet i magen min av fryd. Ja, sæl er ho som trudde, for det Herren har
sagt til henne, skal oppfyllast.» Luk
1,39-45
Det
må ha rast mange tankar og følelsar gjennom hovudet til Maria etter at ho fekk
besøk av engelen som fortalte at ho skulle bli med barn. At ho skulle bli mor
til han som alle venta på. Mange dagar trur eg nok ho lurte på om dette berre
var noko ho hadde innbilt seg. Kunne det verkeleg vere sant at ho bar frelsaren
i magen sin? Dersom ho våga fortelje nokon om englebesøket var det nok ikkje
mange som ville tru ho, derfor må det ha vore godt for Maria å komme til
Elisabeth denne dagen, og høyre orda hennar.
Eg trur ho må ha opplevd dette møtet som ei stadfesting på at ho bar på
eit heilt spesielt born.
Dei bar begge på eit spesielt born. Begge opplevde dei graviditeten
som eit under. Dei hadde begge hatt besøk av englar som hadde kome med bod om
at dei bar på born som Gud hadde særlege planar for. Elisabet skjøna med ein
gong ho såg Maria, at barnet Maria bar, var annleis enn hennar eige. Det var
ulikt alle andre born som var fødde, og skulle bli fødde.
Barnet Maria bar på, skulle gi verda håp om ei ny byrjing. Det barnet som
skulle kome, skulle gjere sjuke friske, han skulle løfte fram dei små og svake,
han skulle tilgi synd, og han skulle frelse deg og meg! Barnets kome til verda og i livet til
enkeltmenneske, skulle innebera det store tidsskiljet: Før eller etter Kristus.
Gjennom Jesus har Gud stige inn i verda for å presentera seg sjølv. Vi blir
aldri ferdige med han. Han har så mange fasettar. Vi ser han med ulike auge.
Møter han på forskjellige måtar. Og alltid er det noko nytt å lære og oppleve
med han.
Eg vil bruke denne advent- og
juletida til å undre og glede meg over kven han var og er, den vesle sonen til
Maria. Eg er veldig glad i ein julesong som heiter Mary did you know.
Den handlar om denne undringa.
Maria,
visste du at gutebarnet ditt er Herre over all skaping?
Maria, visste du at gutebarnet ditt ein
dag skal leie alle nasjonar?
Visste du at gutebarnet ditt er
Himmelens perfekte Lam?
At det sovande barnet du held, er Den
store Eg Er.
Eg vil gjerne dele den engelske teksten med deg, eg syns den er så mektig!
Mary, did you know that your
Baby Boy would one day walk on water?
Mary, did you know that your Baby Boy would save our sons and daughters?
Did you know that your Baby Boy has come to make you new?
This Child that you delivered will soon deliver you.
Mary, did you know that your Baby Boy will give sight to a blind man?
Mary, did you know that your Baby Boy will calm the storm with His hand?
Did you know that your Baby Boy has walked where angels trod?
When you kiss your little Baby you kissed the face of God?
Mary did you know..
The blind will see.
The deaf will hear.
The dead will live again.
The lame will leap.
The dumb will speak
The praises of The Lamb.
Mary, did you know that your Baby Boy is Lord of all creation?
Mary, did you know that your Baby Boy would one day rule the nations?
Did you know that your Baby Boy is heaven's perfect Lamb?
The sleeping Child you're holding is the Great, I Am.