Bladrik grein
Eit nytt hjarte – er det så rart?
Det får vi da rett som det er!
Det får vi kvar gang vi møter
ein som vi rett får kjær.
Da brest det fram i vår bringe
under hans varme ord
eit hjarte til, som er berre for han
og vil han alt godt på jord.
Det får vi da rett som det er!
Det får vi kvar gang vi møter
ein som vi rett får kjær.
Da brest det fram i vår bringe
under hans varme ord
eit hjarte til, som er berre for han
og vil han alt godt på jord.
Slik veks vi med hjarte ved hjarte
som greina med blad kvar vår, meir inderleg fast til livsens tre
for kvart eit nytt som vi får.
Det svid til mergen når eitt av dei blir
i utide rykt frå si kvist.
Eg veit ikkje kva for eit av mine
eg nødig ville ha mist. -
som greina med blad kvar vår,
for kvart eit nytt som vi får.
Det svid til mergen når eitt av dei blir
i utide rykt frå si kvist.
Eg veit ikkje kva for eit av mine
eg nødig ville ha mist. -
Å jo, dette leande, store, som gløder
For deg, venn, må losne sist!
For deg, venn, må losne sist!
~Halldis Moren Vesaas~
Nydeleg dikt. Nesten vemodig, men likevel så varmt og fullt av håp! Tusen takk for så fin helsing, eg hadde ein fantastisk bursdag etter forhalda.
SvarSlettYnskjer deg fine dagar vidare!
God klem frå Elin :)
Å, dette diktet er så vakkert. Men det er sånn det er å favne mennesker...Hørte nylig Hanne Krogh sitere dette på tv - og det traff meg sånn. Virkelig fint. Takk for at du la det ut her :) klem til deg
SvarSlettRørende vakkert!
SvarSlett