lørdag 5. juni 2010

Ein løvetann

Du skal ikkje meir ligge under
For asfaltens kvelandre tak
Du må nesten sprenge den sunder
Så du kan stå sterk og rak

Asfalten ligg der så doven
Ein løvetannstengel er svak
Men styrken er gitt deg frå oven
Ja, skaparen sjølv står bak

For kven kan vel bu under asfalt
Og stange mot steinar og grus
Blomstre i restar av vegsalt
Omgitt av mangel på lys?
Kven kan puste der nede?
Kven kan slp kronblada ut?
Kven kan juble i glede
Når ein ligg under andre sin fot.

Ja, løvetann, kjemp alt du orkar
Bit løvetanntenner i hop
Skund deg før asfalten tørkar
Og ingen kan høyre ditt rop

Snart brest det i asfalten rudnt deg
Snart skal du sjå himmelens lys
Då kan du blomstre så salig
Blant bilar og sprettande grus
Då ser du at livet er ope
og veit at di framtid er fri
Hent di styrke frå håpet
om asfalt med sprekker i

Jo visst var det verdt heile kampen
Der ser du, du klarte det, du
Sjølv om det var heilt på tampen
Eg gjettar du ikkje vil snu..
Sølvi Helen Hopland Aemmer

5 kommentarer:

  1. Et dikt med mening, og en blir sittende å reflektere på en god måte.

    Takk som deler Beate :-) og god helg videre til deg

    SvarSlett
  2. Så nydeleg dikt! Tusen takk for koseleg kommentar. Ynskjer deg og dine ei flott helg vidare. Klem frå Linda

    SvarSlett
  3. Dette passa godt nå, selv elsker ejg denne forhatte løvetanna...Igår fikk jeg med husets lillebror til å plukke før han med plenklipperen kom og dro over denne plena, hihi.

    Ja, så nå har vi masse masse løvetann rundt om ute her i syltetøyglass og skåler. det er så deilig sitte se på de lukker seg sakte mens sikkert utpå kvelden, har du lagt merke til det..?

    Vakker søndag til deg!

    SvarSlett
  4. Løvetann er en flott blomst! Tenkt at den er(eller var?)fredet i England da jeg var barn.
    Kanskje den er det enda også..

    :)

    SvarSlett
  5. Tusen takk for den fine songen... Hadde gløymt den! Trur eg må leite fram cdèn med songen på. Meiner den står i cd hylla mi. Eg elskar løvetann på markane, men so snart dei veks der dei ikkje skal, so tek eg den vekk. Vonar du har det bra:) Klem

    SvarSlett

Takk for besøket, koselig om du legger igjen en kommentar før du reiser videre. (Kommentarer på gamle innlegg vil ikke bli vist før jeg har godkjent dem)