søndag 8. juli 2012

Bladrik grein



Bladrik grein
Eit nytt hjarte – er det så rart? 
Det får vi da rett som det er! 
Det får vi kvar gang vi møter 
ein som vi rett får kjær. 
Da brest det fram i vår bringe 
under hans varme ord 
eit hjarte til, som er berre for han 
og vil han alt godt på jord.

Slik veks vi med hjarte ved hjarte 
som greina med blad kvar vår, 
meir inderleg fast til livsens tre
for kvart eit nytt som vi får. 
Det svid til mergen når eitt av dei blir 
i utide rykt frå si kvist. 
Eg veit ikkje kva for eit av mine 
eg nødig ville ha mist. -

Å jo, dette leande, store, som gløder 
For deg, venn, må losne sist!
~Halldis Moren Vesaas~

3 kommentarer:

  1. Nydeleg dikt. Nesten vemodig, men likevel så varmt og fullt av håp! Tusen takk for så fin helsing, eg hadde ein fantastisk bursdag etter forhalda.

    Ynskjer deg fine dagar vidare!
    God klem frå Elin :)

    SvarSlett
  2. Å, dette diktet er så vakkert. Men det er sånn det er å favne mennesker...Hørte nylig Hanne Krogh sitere dette på tv - og det traff meg sånn. Virkelig fint. Takk for at du la det ut her :) klem til deg

    SvarSlett

Takk for besøket, koselig om du legger igjen en kommentar før du reiser videre. (Kommentarer på gamle innlegg vil ikke bli vist før jeg har godkjent dem)